Gå tilbake

Ulike førestillingar av liv.

Kva er liv?


Det finst ulike forståingar av kva liv er. Eit stort skilje går mellom dei som meiner at liv er skapt av ein guddom, og dei som meiner at livet har oppstått utan hjelp frå noko anna enn kjemiske prosessar. Omgrepet liv kan også bli brukt om to forskjellige fenomen. Det eine fenomenet er liv som vesen. Eit slikt vesen kan vera bygd opp av ei eller fleire celler, men nokon vil også snakka om eit tenkjande vesen. Ein slik bruk blir ofte assosiert med noko meir enn fysiske komponentar, slik som i vitalismen. Den kan også bli brukt om heile, eller totale, organismar. Ei bakteriecelle kan bli definert som liv, medan ei menneskecelle ikkje treng å bli definert som liv. Det andre fenomenet er liv som ein eigenskap. Denne eigenskapen kan vera knytta til eit vesen, ein gjenstand, eller anna materie. I den samanhengen blir liv brukt om prosesser og reaksjonar. Eksemplar på ein slik bruk av omgrepet er: «Er det liv i motoren? Er det liv i ho?». Ein definisjon av biologisk liv er at liv må bestå av minst ei celle som har intracellulær organisering, er i stand til å bruka og ta opp energi, den må kunne respondera til forandringar i omgjevnadane, oppretthalde homostase, veksa, utvikla seg og reprodusera seg.1 Slike definisjonar skapar rom for optimisme hjå nokre forskarar som sjølv ynskjer å skapa liv. Craig Venter er ein slik forskar. På TED-konferansen i mai 2010 stod han fram og sa: «We are here today to announce the first synthetic cell.»2 Han meinte at han, saman med ei gruppe forskarar, hadde klart å skapa ei syntetisk celle, og derfor syntetisk liv. Kan ein konkludera med at menneske då har klart å skapa liv? Viss menneske kan laga liv, kva vil det ha å seia for vår forståing av liv? I denne teksten skal eg ta føre meg ulike førestillingar av liv. Me kjem til å sjå at det er usemje om kva liv eigentleg er. For å forstå liv, må me vite korleis liv oppstod, og me må forstå korleis liv virker.

 

Livet sitt opphav

 

Den tidlegare gitte definisjonen av biologisk liv fortel ingenting om korleis livet har oppstått. Det er likevel viktig å spørja seg sjølv om kor liv kom i frå for å danna seg ei oppfatning om kva liv er. I dei monoteistiske religionane, kristendomen, jødedomen og islam, er svaret klart. Ifølgje desse religionane er det Gud som har skapt alt liv. Andre religionar kan ha andre forklaringarkorleis liv blei til, men det som fleire av dei har til felles, er at liv ikkje har blitt til ved tilfeldigheiter. I både dei monoteistiske religionane og i buddhismen og hinduismen, blir liv sett på som noko heilag. Med heilag meiner dei noko som har ei sjel/ånd i seg. Ein skal respektera alt levande, og dette særleg i buddhismen. Dei religiøse forståingane av liv skapar lite rom for håp om å skapa syntetisk liv. Sjela er ein nødvendigheit, og forskarar har enda ikkje fått den makta å disponera sjel som dei kan tilsetta til kjemien. Dei religiøse syna på liv skal ikkje bli vektlagt vidare i teksten. Det viktigaste å få med seg er ideen om sjela som ein essensiell komponent i livet. Denne ideen er sentral når eg tek opp vitalismen.

 

Det motsette synet på liv er at liv har oppstått frå kjemiske prosesser. Frå denne forståinga finst det mange forskjellige forklaringarkorleis, og kor livet oppstod, men det som er ein fellesnemner i alle, er at livet oppstod ved tilfeldigheiter. Forholda låg til rette for at liv skulle oppstå, og etter lang tid skjedde nettopp det. Ein forskjell på liv og ikkje liv, er at liv består i stor del av organiske stoff, og motsett. Menneske trudde lenge at organiske stoff bare kan bli produsert av levande organismar. Denne ideen forandra seg i 1828 då Friedrich Wöhler framstilte urea ved ein tilfeldigheit.3 I dag blir organiske molekyl framstilt i stor skala, blant anna til medisinar. Oppdaginga la også til rette for ein ny ide som kom seinare: Kan ein laga syntetisk liv? I 1953 utførte Stanley Miller eit forsøk der han klarte å syntetisera aminosyrer. Alt han trong var vatn, hydrogen, ammoniakk og metan i eit lukka system som han tilførte elektriske utladningar («lyn»). Dette eksperimentet kan sjåast på som eit leiande eksperiment til framtidige eksperiment på livet sitt opphav.13 Sjølv om det tilsynelatande er mogleg å syntetisera alle organiske stoff ei celle består av, er det ingen løyndom at neste steg i å laga ei sjølvfungerande celle er eit langt steg å ta. Ei celle er mykje meir avansert enn ein klump organiske stoff. Av definisjonen for biologisk liv, kan det virka som cella har eit ønske om å overleva og utfører dermed handlingar som fremmer dette ønsket. Nå må det seiast at det herskar stor tvil om at celler handlar på anna grunnlag enn kjemiske og biologiske prosessar, men dei har i alle fall nokre eigenskapar som skil dei ut i frå andre kjemiske system. Og det er desse eigenskapane som sår tvil i optimismen. Til no har me endå ikkje klart å finna alle svar når det kjem til celler. Forskarar etablerer stadig meir informasjon om cellene. Det kan både skapa kjensla om at me nærmar oss svaret, og det kan skapa kjensla av at det er ingen ende på informasjon.

 

Begge forståingane av livet ovanfor, liv som skapt av ein gud og liv som resultat av kjemi, fortel korleis ein trur livet oppstod. Det forklarer ikkje kva liv er. Her har filosofar spelt ei stor rolle. Det store skiljet går mellom de som meiner at liv kan forklarast på molekylnivå og dei som trur at liv har andre eigenskapar knytt til seg, enn det som kan forklarast ut i frå molekyla. I dette skiljet står reduksjonistane på den eine sida og holistane på den andre.

 

 

 

Descartes, sjel og kropp

 

René Descartes var ein reduksjonist og ein dualist. Han tenkte at verda, og menneske, består av to grunnleggjande fenomen, res cogitans (tenking/sjel) og res extensa (utstrekning). Dette er ontologisk dualisme (Lie, 2011, s. 178). Sjela fekk tildelt mentale og kognitive eigenskapar (Stanford Encyclopedia of Philosophy 2008). Ifølgje Descartes er kroppen mekanisk og det einaste som skil menneske frå dyr, er sjela. Dyr blir likestilt med alt det andre i verda som ikkje har sjel, som planter, stein og luft. Alt som ikkje har sjel kan, ifølgje Descartes, forklarast ut i frå mekanismar i naturen. Slik vil også menneskekroppen bli forklart ut ifrå naturlege mekanismar, medan sjela ikkje blir det. Ein refleks, eller andre måtar å respondera instinktivt på, er reint mekaniske og har ingenting med sjela/sinnet å gjera (Stanford Encyclopedia of Philosophy 2008). Descartes uttalte seg:

 

«When people take a fall, and stick out their hands so as to protect their head, it is not reason that instructs them to do this; it is simply that the sight of the impending fall reaches the brain and sends the animal spirits into the nerves in the manner necessary to produce this movement even without any mental volition, just as it would be produced in a machine.5

 

Slik som me viste til eit skilje mellom liv som vesen og liv som prosessar i innleiinga til teksten, kan me sjå at Descartes gjer det same. Eit dyr vil bli sett på som ein levande prosess, medan menneske blir sett på som eit vesen. Menneske er eit vesen på grunn av sjela. For Descartes var det ikkje aktuelt å trekkja inn celler og mekanismar på molekylært nivå. Biologien hadde ikkje kome så langt på tida då han levde. Likevel kan hans måte å forstå organismarvera gjeldande i dag. For mange vil det dualistiske menneskesynet vera ein logisk måte å forstå menneske. Ein av grunnane er at religionen legg opp til ei dualistisk forståing; kroppen døyr og rotnar medan sjela lev vidare. Biologar og forskarar tek generelt lite stilling til ei eventuell sjel når dei forskar på celler, molekylære prosesser og kroppen. Kroppen blir oftast framstilt som ei samling av fysiske komponentar.

 

I eigenskapdualismen meiner ein at organismar har andre eigenskapar enn komponentane den er bygd opp av (Lie, 2011, s. 207). Slike oppståtte eigenskapar blir kalla emergente eigenskapar. Ideen om emergente eigenskapar finst i både holismen og reduksjonismen. Forskjellen er om ein trur det er mogleg å forklara dei. Ein reduksjonist vil meine at det skal vera mogleg å forklara eigenskapane på det høge nivået ut i frå eigenskapar på det eit lågare nivå. Tilhengarar av holismen vil derimot meine at eigenskapane på det høge nivået, dei emergente eigenskapane, ikkje kan bli forklart ut i frå eit lågare nivå (Lie, 2011, s. 178)

 

Spinoza, antidualist og determinist

 

Sjølv om det umiddelbart kan virka logisk med Descartes sin dualisme, er det nokre problem som følgjer med. Eit av dei problema var korleis kroppen og sjela hang saman. Descartes løyste dette problemet med konglekjertelen. Konglekjertelen, eller epifysen som den no heiter, er bindeleddet mellom kropp og sjel, ifølgje Descartes.4 Denne forklaringa har blitt kritisert av andre filosofer. Ein av dei var Baruch Spinoza. Eg skal ikkje ta føre meg argumentasjonen til Spinoza om dette temaet. Spinoza kan klassifiserast som ein reduksjonist. Han meinte at menneske kan forstå verda gjennom to veseneigenskapar (tenking og utstrekning), som har opphav i substansen. (Espen Gamlund, 2012).6 Desse veseneigenskapane er umoglege å skilja frå kvarandre, dei er berre forskjellige uttrykk for same fenomen. Spinoza blir derfor ikkje rekna for å vera ein dualist. Med denne forståinga av verda var det vanskeleg for Spinoza å godta dualismen til Descartes. Spinoza var ein determinist som meinte at fri vilje berre er ein illusjon. Argumentet var at alt er styrt av naturlege mekanismar. Fri vilje er avhengig av ei sjel som er lausriven frå kroppen, men Spinoza trudde ikkje på ei slik sjel. På same måte kan reduksjonismen innan biologi leggja opp til eit deterministisk syn. Sjølv om både Spinoza og Descartes var reduksjonistar, var stor usemje mellom dei om korleis me skal forstå kva eit menneske og liv er. Ut i frå eit reduksjonistisk synspunkt er liv underlagt alle naturlovar, og alle aspekt med liv kan dermed bli forklart ut i frå naturlovar. Reduksjonismen gjer ikkje rom for livskraft, eller mystiske eigenskapar med liv som ikkje kan bli forklart ut i frå enkeltkomponentane på det lågaste nivået.

 

Holisme

Som nemnt er holismen ein motsetnad til reduksjonismen. Det blei også nemnt at holistar trur at ein gjenstand kan få emergente eigenskapar når den er samansett av mindre komponentar. Desse emergente eigenskapane er umoglege å føreseia ut frå enkeltkomponentane. Viss me berre studerer eigenskapane til komponentane, vil me mista informasjon om heile gjenstanden (Lie, 2011, s. 177). Ein filosof som tek eit holistisk standpunkt når det gjeld menneske, er Lars Svendsen. Han skriv at eit menneske kan analyserast på forskjellige nivå, men at kvart nivå har sitt eiget vesen. Desse «vesenskjelnadane» er det ikkje mogleg å forklara ut i frå eit lågare nivå (Svendsen, 2001, sitert i Lie, 2011). Tilhengarar av eit slikt syn nektar ikkje for at det er mogleg å forklara noko ut i frå molekylært nivå. Ein tablett smertestillande vil ofte kunne lindre smerte, og det er kjente prosessar i metabolismen som forklarar korleis ein organisme klarar å henta energi frå omgjevnadane. Det er likevel berre forklaringar på molekylnivå. Sjølv om den smertestillande tabletten virker, veit ein ikkje kva smerte er. Smerte er subjektivt og kan oppstå av fysiske, eller psykiske grunner. Summen vil skapa ei oppleving av smerte som det er vanskeleg, om ikkje umogleg, for andre å vurdera graden av enn personen som har smerte. Guri Rørtveit og Roger Strand uttalte seg om komplekse sjukdommar. Dei meiner at det oppstår nye eigenskapar i ein kompleks sjukdom, som er umogleg å forklara ut i frå lågare nivå (Lie, 2011). Dette er også å forstå som eit holistisk syn. Holistar vil forstå liv som ei samling av eigenskapar. Eigenskapane treng likevel ikkje ha opphav i molekyl åleine. Det er mogleg at et samspel mellom molekyl og ei vital kraft er nødvendig for liv.

 

Vitalisme

 

Vitalistar trur at alt liv inneheld ei vital kraft, som også blir omtala som sjel eller ånd. Sjela kan bli sett på som ein nødvendigheit for liv, eller som eit resultat av liv.7 Aristoteles kan seiast å vera ein representant for sistnemnte. Han meinte at sjela er eit resultat av forma til eit vesen. Det som gjer ein plante til ein plante, eit menneske til eit menneske osv., er at dei har forskjellig form og sjel.8

Den andre måten å oppfatta sjel på er kanskje meir vanleg. Etter ei slik oppfatning er sjela ein komponent som skapar liv i noko daudt. Denne oppfatninga skapar rom for at liv, som vesen, kan eksistera utanfor ein fysisk kropp. Mange religionar, samt dualistar, støttar eit slikt syn. Det som er til felles for begge desse forståingane er at sjela er substansielt forskjellig frå det fysiske. Dermed kan den ikkje bli observert, eller gjort empiriske forsøk på. Resultatet av dette er at få forskarar støttar seg opp mot eit vitalistisk syn i dag. Eit anna problem med vitalismen er det kan vera vanskeleg å seia på kva biologisk nivå ein organisme får sjel.

 

Kan menneske skapa liv?

 

Som me har sett til no er definisjonen på liv meir omfattande enn den biologiske definisjonen, som er gitt i starten. Kva kan meseia om Venter sin påstand om å ha skapt liv? Etter den biologiske definisjonen kan ein kanskje argumentera for at han har klart det. Venter skreiv inn genomet til bakterien på ein datamaskin. Genomet blei så syntesert i mindre biter, som blei sett saman til DNA før det blei plassert inn i ei tom celle.9 DNAet var frå ein annen type bakterie enn den tomme. Etter at han hadde overført det synteserte DNAet til den «tomme bakterien», fekk den «tomme bakterien» nye eigenskapar. Ein slik metode er reduksjonistisk fordi han forventar at han skal klara å syntesera ei celle ut i frå enkeltkomponentar. Kva vil dei ulike filosofiske retningane, som eg har nemnt til no, seia om moglegheita for å skapa liv? Den forståinga av liv som umiddelbart peiker seg ut her er vitalismen. Dei vil ha eit negativt syn på moglegheita for å skapa liv. Derimot kan både reduksjonistar og holistar tru at det er mogleg, utan at dei seier seg sjølve i mot. Ein idé som nokre reduksjonistar held med er supervenience. «Supervenience vil si at dersom vi har to systemer som er eksakt like i alle sine fysiske egenskaper vil de også være eksakt like på alle andre måter» (Lie, 2011, s. 108| ). Ut i frå ein slik tanke vil det vera teoretisk mogleg å laga eit menneske med dei eigenskapane ein ynskjer, berre ein har nok kunnskap og teknologien til det. Frå eit holistisk ståstad kan det vera mogleg å skapa liv, men då må ein innrømma at ein ikkje veit heilt kva som skjer. Ifølgje ein holist vil det i prinsippet vera umogleg å skapa to like organismar. Det er fordi det er umogleg å føreseia dei nye eigenskapane som oppstår. Dette kan bli sett på som ein motsetnad til supervenience.

 

Prosjektet til Venter har skapt optimisme i mange som trur det er mogleg å skapa liv. Ein av dei som meiner at Venter ikkje har klart å skapa liv og heller ikkje klart å koma nærmare målet, er John Horgan. Horgan er ein vitskapsjournalist og ein aktiv blogger på Scientific American si heimeside. Her har han skrive eit innlegg med tittelen «Craig Venter has neither created-nor demystified-life»10 Han meiner at Venter berre har manipulert liv. Dette kan samanliknast med å avla opp dyr, der ein «vel» eigenskapar som ein vil at neste generasjon skal ha (Horgan, 2010). Ein annen person som deler synet til Horgan er Dag E. Helland, professor ved Molekylærbiologisk institutt ved UiB (Straumsheim Grønli, 2011). Begge argumenterer for at liv er ekstremt komplekst. Dette fører til at det er svært lite sannsynleg, om ikkje umogleg, for menneske å skapa liv. Det er altså stor usemje rundt forsøket til Venter. Forsøket til Venter viste uansett at liv er dynamisk. Han klarte å forandra på eigenskapar til ein bakterie ved å skifta ut arvematerialet. Når DNAet har ein så stor verknad på cella, kanskje DNA i seg sjølv er opphav til liv? Me har sett at organiske molekyl kan bli skapt berre forholda ligg til rette for det. Kan dette også ha skjedd med DNA? Problemet er at DNA er eit molekyl som er avhengig av andre molekyl for å virka. Det virkar saman med mange ulike protein for å bli replikert og transkribert. Det finst likevel eit molekyl som er nokså likt DNA, men har litt andre eigenskapar. Dette molekylet er RNA. RNA-molekyl har eigenskapar som liknar både DNA og protein. RNA-world er omgrepet på ein relativt ny retning innan biokjemien som meiner at RNA var fyrste steg i livet sitt opphav. Ein forskar som har klart å skapa eit RNA-molekyl som kan replikera seg sjølv, er Gerald F. Joice.11 Kanskje denne metoden er svaret på korleis liv oppstod, og kanskje dette seinare kan forklara oss betre kva liv er. Likevel vil det vera usemje om eventuelt menneskeskapt liv er eit levande vesen, eller berre liv som eigenskap i komponentar me kjenner igjen i den biologiske definisjonen.

 

 

Schrödinger, What is life?

 

Schrödinger skreiv boka What is Life i 1944. Her prøver han å gje ein definisjon på kva som skil liv frå ikkje-liv. I den tida Schrödinger skreiv boka, hadde allereie termodynamikken sin andre lov blitt formulert. Den seier at entropien (uorden) i universet vil stige i alle prosesser. Ei celle er derimot eit lokalt område der prosessar fører til ei auking i orden. Dette fenomenet går likevel ikkje i mot termodynamikken sin andre lov. Det er fordi cella vil skapa uorden i omgjevnadane samtidig som den skapar intracellulær orden. Schrödinger kalla dette fenomenet for negentropi. Slik klarer cella å halda seg unna likevekt, noko som blir rekna som ein absolutt definisjon på død.12 Negentropi er ein nødvendigheit for liv, og liv kan bli definert som eit system med negentropi. Ein annen nødvendigheit for liv er arvematerialet. Han tenkte seg at arvematerialet måtte bestå av aperiodiske krystallar som inneheld den genetiske koden. Schrödinger har vore ein inspirasjon til den biologiske definisjonen av liv, som er gitt i innleiinga. Reproduksjon er avhengig av eit stabilt arvemateriale og oppretthalding av homostase er to eksemplar på det. Schödingers forståing av liv kan fort bli sett på som reduksjonistisk. Likevel må ein merka seg at liv er eit samansett system og som heilheit har negentropi. Negentropi er derfor ein emergent eigenskap. Ifølgje Schrödinger har ein øydelagt eit liv når ein har øydelagt cella sin negentropi. Tilhengarar av den ontologiske dualismen og vitalismen meiner at ei ånd/vital kraft vil fortsetta å leva etter at det fysiske med eit vesen blir øydelagt. Reduksjonistar, samt mange holistar, meiner at vesenet sluttar å eksistera når negentropien blir øydelagt. Her ser me eit skilje som eg nemnte i byrjinga av teksten. I følgje reduksjonismen er liv som eigenskapar ein nødvendigheit for liv som vesen. Dualistar og vitalistar sett eit skilje mellom liv som eigenskap og som vesen.

 

I denne teksten har eg formulert nokre tankar om korleis liv oppstod, kva liv er og kva eigenskapar som høyrar til liv. Me har sett at det er store grunnleggjande forskjellar mellom desse forståingane. Derfor kan det vera vanskeleg å danna seg eit klart bilete om kva liv er. Schödinger stilte spørsmålet «What is life?», som han forsøka å gje eit svar på. Kanskje kjem ein enda nærare svaret med spørsmålet: kva er død.

 

Antall ord: 3285

Litteraturliste:

· Bechtel, William og Richardson, Robert C., 1998, Vitalism, http://mechanism.ucsd.edu/teaching/philbio/vitalism.htm, [Nedlasta 12. november 2012]

· Brooker, Widmaier, Graham, Stiling, 2011, Biology Second Edition,  New York, McGraw-Hill.

· Gamlund, Espen, 2012, Spinoza, powerpoint førelesing, lagt ut som førelesingsnotat på miside.uib.no

· Horgan, John, 2010, Craig Venter has neither created-nor demystified-life, http://blogs.scientificamerican.com/cross-check/2010/05/27/craig-venter-has-neither-created-nor-demystified-life/, [Nedlasta 5. oktober 2012]

· Lie, Reidar K., 2011, Filosofi og helseforskning, lagt ut på miside.uib.no som pdf-fil, Alvheim & Eide.

· Martinsen, Vegard, 2000, Filosofi: en innføring, http://www.filosofi.no/desc.html, [Nedlasta 3. november 2012]

· Overbye, Dennis, 2011, 'It's Alive! It's Alive!' Maybe Right Here on Earth, New York Times, http://www.nytimes.com/2011/07/28/science/28life.html?_r=1&pagewanted=all, [Nedlasta 29. oktober 2012]

· Scandalon, Philosophy of Religion, http://www.scandalon.co.uk/philosophy/aristotle_body_soul.htm, [Nedlasta 29. oktober 2012]'

· Shapiro, Robert, 2007, A Simpler Origin for Life, http://www.scientificamerican.com/article.cfm?id=a-simpler-origin-for-life&page=2, [Nedlasta 3. desember 2012]

· Stanford Encyclopedia of Philosophy, 2003, Life, http://plato.stanford.edu/entries/life/#3, [Nedlasta 8. oktober 2012]

· Stanford Encyclopedia of Philosophy, 2008, René Descartes,[Nedlasta 8. oktober 2012] http://plato.stanford.edu/entries/descartes/#NewMet

· Straumsheim Grønli, Kristin, 2011, Langt fram til kunstig liv, forskning.no, http://www.forskning.no/artikler/2011/mars/280906, [Nedlasta 5. oktober 2012]

· Venter, Craig, (2010), Craig Venter unveils «synthetic life, http://www.ted.com/talks/craig_venter_unveils_synthetic_life.html, [Nedlasta 5. oktober 2012]

· Weisstein, Eric W., 1996-2007, Wöhler, Friedrich (1800-1882), Framstilling av urea, http://scienceworld.wolfram.com/biography/Woehler.html, [Nedlasta. oktober 2012]

1Brooker, Widmaier, Graham, Stiling (2011) Biology Second Edition, New York, McGraw-Hill, kap. 1 side 2, 3 og 4

2Venter, Craig, (2010), Craig Venter unveils «synthetic life,

3Weisstein, Eric W., 1996-2007, Wöhler, Friedrich (1800-1882), Framstilling av urea,

13Shapiro, Robert, 2007, A Simpler Origin for Life

5Stanford Encyclopedia of Philosophy, 2008, René Descartes

4Martinsen, Vegard, 2000, Filosofi: en innføring

6Gamlund, Espen, 2012, Spinoza, powerpoint førelesing 2012, lagt ut som førelesingsnotat på miside.uib.no

7Bechtel, William og Richardson, Robert C., 1998, Vitalism,

8Scandalon, Philosophy of Religion

9Straumsheim Grønli, Kristin, 2011, Langt fram til kunstig liv, forskning.no,

10Horgan, John, 2010, Craig Venter has neither created-nor demystified-life,

11Overbye, Dennis, 2011, 'It's Alive! It's Alive!' Maybe Right Here on Earth, New York Times,

12Stanford Encyclopedia of Philosophy, 2003, Life

Gå tilbake